BIOGRAFI
Dei fyrste åra (1865-1895) Johannes Larsson Næs vart fødd 3. august 1865 i Rosendal. I heimen heldt dei husandakt med salmesong både morgon og kveld, og det var ikkje til å unngå at alle 9 barna vart songarar. Faren, Lars, kom frå ei slekt med songarar i fleire generasjonar, og var ofte nytta som kjøkemeister i ulike samkomer. Allereie før han var konfirmert, blei Johannes med for å syngja i gravferder, og snart overtok han som forsongar.
Johannes viste i ung alder eit stort talent også på andre felt enn det reint musikalske. Storparten av dagen måtte han nok hjelpa til på garden, men når det kom ei ledig stund, var han snar med å teikna eller snikra. Han drøymte ofte om å bli ein landskjent kunstnar, men innsåg at det var eit urealistisk mål for ein bondeson frå avsides Rosendal. Derfor måtte han finna seg eit normalt yrke, og rundt 1881-82 byrja han som krambugut. I 1887 fekk han handelsbrev, og starta eigen butikk. Dette var byrjinga for firma Johs. L. Ness, eit selskap som eksisterer den dag i dag. I 1894 stod Johannes sitt nye hus Nesheim ferdig. På den tida vurderte han sterkt å reisa til Amerika, noko 4 av brørne hans alt hadde gjort. Men då eigaren av Baroniet Rosendal, Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone, tilbaud seg å betala for den praktfulle glasverandaen på Nesheim, gjorde det sterkt inntrykk. Johannes L. Ness bestemte seg for å bli i heimbygda.
Omtrent på same tida vart det meir enn vennskap mellom Johannes og Magnhild Larsdotter Hjortaas frå Hatlestrand. Magnhild kom til verda 26. august 1872. Dei fyrste leveåra var prega av mange dødsfall i hennar familie. Foreldra døydde relativt unge – faren vart 54 år gammal og mora bare 47 år. Dei 3 fyrste gutane i familien gjekk bort allereie som barn, medan sistemann, Hans Christian, reiste til Amerika i 1909. Johannes og Magnhild gifta seg 2. november 1894.
Etter kvart som Johs. L. Ness vart tryggare på seg sjølv og kunsten sin, verka ikkje draumen om å bli kunstnar lika fjern lenger. Men han trong meir trening, og ikkje minst anbefalingar og kontaktar. På siste halvdel av 1880-talet vart alle 3 ynskja oppfylte. Fleire personar i bygda, eller med tilknyting til Rosendal, såg Ness sitt openbare talent, og ville hjelpa han i å nå sin store kunstnardraum. Bankkasserar Axel Lea skreiv til målaren Johan Jakob Bennetter, med førespurnad om han kunne ta imot Ness og gje ei profesjonell vurdering av arbeida hans. Bennetter var villig til dette, og dermed bar det i veg til Sola ved Stavanger.
Johan Jakob Bennetter (1822-1904) var ein markant person i norsk kunst, særskilt kjent for sine marinemåleri. Om opphaldet uttalte Ness i eit intervju: ”… jeg reiste derned, kopierede en Del Malerier for ham og fikk udmerket Anbefaling: Jeg burde faa Veiledning, der var ikkje Snakk om andet.” Denne opplæringa varte i ca 1 månad i 1886. Bilete av skip og hamner var Bennetter sitt store prosjekt, og det var slike kunstverk ungdomen frå Rosendal skulle kopiera. Om ikkje akkurat desse bileta er bevarte i dag, så lever mange andre marinemåleri av Ness i beste velgåande. Bilete av seglskuter og dampskip, svært nøyaktig gjengjeve, utgjer ein stor del av hans katalog. Han var alltid glad i båtar og sjø, og ville sikkert ha laga slike måleri likevel, men Bennetter sin kunnskap og fokus på det naturtru spela ei viktig rolle.
For å kunna studera vidare, og satsa fullt og heilt på kunsten, trongst det meir enn vennlege ord og sympati – utan harde pengar var vegen framover stengt. Denne realiteten låg som ein mørk skugge over nesten alle kunstnarar. Ness sine støttespelarar klarte å samla inn lovnader om ein god del pengegåver, men summen var ikkje stor nok. Bygginga av Nesheim markerte eit slags endepunkt. No var Ness etablert i Rosendal; det var i realiteten ingen vegar opne til andre stader, verken til Amerika eller kunstmetropolane. Framleis hadde han ambisjonar, men forstod inst inne at skulle han bli kunstnar – så måtte det bli som bygdekunstnar!
I 1883 starta Rosendal Songforening opp, og Johannes var med frå starten. I september 1885 skulle dirigent Andreas Meidell gifta seg. Koret hans laut sjølvsagt syngja ved slik ei storhending, sjølv om dirigenten hadde gyldig fråvære for dagen. Dermed fekk Johannes det ærefulle oppdraget å svinga taktstokken. Kva rollefordeling Meidell og Ness hadde i songlaget etter bryllaupet er noko uklart, men mest truleg trekte Meidell seg litt attende, slik at Ness vart hovuddirigent bare 20 år gammal. Denne posten kom han til å ha i ein mannsalder. Ness byrja tidleg i sin dirigentkarriere å skriva ned notar – eit fag han i hovudtrekk var sjølvlærd i. Notane var fyrst og fremst avskrift av kjende songar til bruk i kora han dirigerte. Men seinare skreiv han gjerne eigen tekst til gamle melodiar, eller ny melodi til gamle tekstar. I nokre tilfeller komponerte han både tekst og melodi sjølv.
Det var ikkje bare Andreas Meidell som gifta seg i 1885, skipsbyggjar Tørris Skaaluren skulle gifta seg for andre gong. I staden for å spørja ein eldre og erfaren mann, ville Tørris at den unge brorsonen Johannes L. Ness skulle vera kjøkemeister. Tørris visste at nevøen kunne syngja meir enn godt nok, men var han trygg på at Johannes hadde nok autoritet, ro og humor til å takla utfordringa? Det var ingen grunn til uro, for guten kom frå oppgåva med bravur. Tørris takka og skrytte så heile forsamlinga høyrde det: ”Eg er glad for at eg fekk so ung kjøkemeister”, sa han. Og ryktet spreidde seg fort, for sidan den gong var Nes`n den sjølvskrivne kjøkemeister i mest 100% av alle vertskap i bygda.
Midt i livet (1895-1930) Magnhild og Johannes var no trygt etablerte på Nesheim, og det var tid for å stifta familie. Dei fekk 5 barn; Anna, Marcus Gerhard, Laura Katrine, Ragnvald og Magnhild. Men Ness hadde likevel kapasitet til å engasjera seg i stiftinga av Rosendal Musikkforening i 1896. Han var sjølv dirigent i musikklaget frå 1901 til 1914.
Dei siste åra av 1800-talet bestod kunstproduksjonen til Ness utelukkande av oljemåleri, men straks 1900-talet dukka opp, byrja han igjen med teikningar. I det fyrste tiåret av det nye sekelet var portretteikningar i fokus. Som regel brukte han kolstift, men for å variera vart det eitt og anna bilete i fargestift. Det mest kjende motivet av Johs. L. Ness døypte han sjølv for ”Septemberkveld”. Fyrste gong han laga dette biletet var i 1910. Han rodde over til Snilstveitøy, og måla utsynet mot heimbygda og fjellet Melderskin. Fjella speglar seg i ein stille fjord - bare forstyrra av ein robåt, eit dampskip og ein måseflokk. ”Septemberkveld” var eit motiv som både Ness og folk flest likte godt. Så i 1918 teikna han 2 variantar i kolstift, og fekk laga opptrykk i Oslo. Desse blei for det meste selde i butikken, men òg nytta som gåver og betaling for tenester og hjelp. Seinare måla han endå fleire utgåver i olje.
Om bare eitt måleri skal plukkast ut og tildelast merkelappen ”Johannes L. Ness sitt meisterverk”, så er det gigantiske måleriet av kona Magnhild og dottera Laura frå 1902 ein ypparleg kandidat. Med heile 125 cm i høgde og 79 cm i breidde, utsøkt detaljrikdom, flotte fargar og komposisjon, så har biletet nesten magisk tiltrekningskraft.
Om ”Septemberkveld” er motivet som er mest utbreidd, så er utvilsamt biletet han produserte i 1924, det viktigaste historisk sett. Dette året laga han faktisk bare eit motiv, nemleg skissa av korleis gardane Skåla og Vang såg ut før utskiftinga i 1890. Biletet kalla han ”Skaale & Vang 1874”. Hovudsakleg er det teikna etter hugsen, men han konfererte med dei eldste i bygda og sjekka mot fotografi
Sommaren 1910 kom den berømte skodespelaren Stub Wiberg innom landhandelen til Johannes L. Ness. Forutan å prata om laust og fast, kom dei naturleg inn på det som hadde med kunst å gjera. ”Han viste mig beskedent adskilligt af det, han havde gjort. Malerier, der røbede utvilsomt Talent, og ikke ringe Talent. Der var en Kultegning, som var aldeles udmerket. Det sagde stadig og stadig inde i mig: Hvorfor i Herrens Navn har ikke denne Mand faaet Anledning til at komme ud og lære. Det var jo det, som manglede.” Wiberg held fram med ei kunstnarisk vurdering: ”Alle disse forfeilede Ting, disse Regelløsheder, som Kyndighed kunde vist ham og hjulpet ham fra, dem var han bleven hængende ved – og dog saa man, at Sandsen, Øiet, Følelsen, Opfatningen, i det hele; den rare, lille Ting, som a l d r i g maa mangle, den havde han.”
Wiberg påpeikte med andre ord at Ness framleis var uslipt i stilen, men at alle viktige eigenskapar for å lukkast var til stades. I 1910 var Ness eigentleg tidleg i sin karriere viss ein ser på tal måleri. Mange av hans beste bilete vart fyrst måla i åra som følgde.
Stub Wiberg er verkeleg fortørna over at Ness ikkje har kome seg opp og fram, og spør om han aldri har fått stipend eller støtte frå privatpersonar. Ness svarar: ”Aajo, aajo, der har nok været mangeslags Forsøg. Men det blev ogsaa bare med Forsøgene. Og nu er jeg saapas gammel, henimod de Femti, saa nu er jo altingen forsent. Efter alt det jeg forstod, og alt det jeg hørte, saa skulde jeg kanske have fortjent at lære lidt. Men De ved, det er vondt at komme frem i Verden, allermest med Kunsten, og naar man saa er Bondegut, saa - - ja, det er ikke greit.” Ness legg til: ”Men det er saa rart med det, naar Tiden gaar, og det ingenting bliver, saa faar en Tvilen.” Dette med kunst og karriere er openbert eit sårt tema for Ness. Sidan han var liten gutunge på Nes, har han drøymt om å måla, om å stilla ut, om å læra. Allereie for mange år sidan forstod han at kunsten realistisk sett bare ville bli ein hobby, men håpet har likevel ikkje slokna heilt. 45 år gamal innser han at tida nok har sprunge frå han. Håpet forsvinn, men draumen – den heldt han levande til siste dag!
Samtalen går vidare, og Wiberg spør om Ness framleis målar: ”Aaja, aaja. Jeg maler da – men jeg har jo Landhandleriet. Det skal passes. Og saa har jeg saa mange andre Ting at pusle med. Sang og Musikk – det elsker jeg; jeg er Dirigent for Sangforeningen her. Og det er en velsignet Guds Gave at have Interesser; mange Timer og mange Dage kan da blive lyse alligevel. Saa sidder jeg her i Boden og bruger Paletten ogsaa; det er nu saa rart med det; men jeg skulde have l æ r t, ser De, jeg skulde have lært, lært, lært – ”. Wiberg avsluttar med nokre trøystande ord: ”Glad og tungsindig. Ja. Men i de stille Stunder, naar Længselen drager mod det, man ikke naadde her i Livet, da lykkelig den, som saar Gaven – den velsignede Guds Gave, som han kaldte det. Evnen til at finde nye Veie, om de end er smaa, de Veie, der alligevel bringer Lys over Timerne og Dagene.”
Måling var ikkje det einaste kunsthandverket Johannes L. Ness beherska. Han bygde både instrument og møblar. Allereie på byrjinga av 1880-talet laga han si fyrste fele, men kor mange han laga totalt veit vi ikkje. Ness brukte alltid fele som han hadde laga sjølv på songøvingane. Når det gjeld produksjonen av orgel, er vi sikrare. Han stadfestar sjølv at han laga 3 pipeorgel og 3 harmonium. Eitt pipeorgel vart laga i 1907, og selt til Ænes Kyrkje i 1910 som det fyrste kyrkjeorgelet der. Det gjorde teneste fram til 1955. Ness laga for eiga hand ”Altsammen – Tangenter – Fløiter. Hver Bit og Smule, hver eneste Ting”, som han fortalte Stub Wiberg. Det må seiast å vera litt av ein prestasjon med tanke på at orgelet består av 54 tangentar og 216 piper! Belgen av skinn er framleis heilt tett.
Soga fortel at trevyrket Ness nytta då han laga feler og orgel, fyrst måtte oppbevarast på kyrkjelemen ein periode. Tanken var at klangen frå kyrkjeklokkene ville syta for god klang også i instrumenta. Dette var visst vanleg skikk, og Nes’n følgde tradisjonen.
Oppdraga som kjøkemeister strøymde på. På det meste leia Ness 3 bryllaup på ei veke! Til avisa Folgefonn kunne han fortelja: ”Ein haust styrde eg med 7 brudlaup berre i Rosendal. Stundom kom folk til hotellet for å gifta seg, utan å ha kjøgemeister med seg, og so måtte eg i veg der òg. Stundom hender det at det kjem folk og helsar på meg og segjer eg var kjøgemeister i brudlaupet deira – utan at eg veit å kjenna dei att.” Når ein veit at bryllaupa før i tida helst strakk seg over fleire dagar, så forstår ein kva innsats som låg bak. Sokneprest Nils Andreas Andersen spurde Ness om kor mange bryllaup og gravferder han hadde vore kjøkemeister i. Ness gjorde då eit grovt overslag, og tippa at dei dreia seg om rundt 1500 dagar! Og på det tidspunkt var karrieren langt frå over. Seinare sa han at 5 år av livet hadde han tilbrakt som kjøkemeister.
Dei siste åra (1930-1944) Slutten av 20-talet og byrjinga av 30-talet var prega av økonomiske nedgangstider verda over. Også Johannes L. Ness hamna i alvorlege pengevanskar. Hovudsakeleg fordi landhandelen, som allereie i utgangspunktet kasta lite av seg, opplevde ein kraftig nedgang i omsetninga. Alt kredittsalet gjorde ikkje saka betre. I beste fall kunne det gå veker og månader før oppgjeret i kom, men rett som det var klarte ikkje kundane å betale for seg i det heile. Då var det at bygda slutta ring om familien Ness på ein fantastisk måte. Johannes Sigfusson Hatteberg tok initiativet til ein innsamlingsaksjon der dei gjekk frå dør til dør og spurde om ein skjerv. Det var visst ingen som sa nei. Pengane fekk Ness og kona som takk for den store innsatsen dei hadde ytt for bygda gjennom alle år. Kjøkemeisteren og dirigenten Johannes Ness – brurekona og helsesystera Magnhild Ness – aldri hadde dei bede om betaling for tenestene, og alltid hadde dei stilt opp for andre. No når dei sjølve trengte det som mest, då stilte bygda opp for dei!
I 1932 fylte Nes’n 67 år. Neste generasjon, sonen Ragnvald og svigersonen Anthon Martin Nygård, stod klar til å overta ansvaret for firmaet. Etter kvart låg det i korta at også karrieren i Rosendal Songlag nærma seg slutten. Men fyrst ville koret gjera ære på veteranen sin, og såleis skipa dei 5. oktober 1935 til stor fest i Turnhallen. Kveldens klimaks kom då Lul Krag sitt portrett av heidersgjesten høgtideleg vart avduka. Så i juni 1939 vart han vist ein kanskje endå større heider. Etter framlegg frå Rosendal Songlag og Sunnhordland Songarsamskipnad fekk han tildelt ”H. M. Kongens Fortjenst-Medalje i Sølv”. For ein som hadde gjeve så mykje til song- og musikklivet gjennom så mange år, utan betaling og utan å ha skofta ei einaste øving, må dette ha gjort alt strevet vel verdt.
I åra frå 1930 til 1943 målte Johs. L. Ness med høg frekvens. På desse 14 åra laga han over 100 bilete – om lag 1/3 av hans totale produksjon. Unnatak var 1931 og 1932 då han nesten ikkje brukte penselen i det heile, truleg mentalt sliten av pengevanskane og plaga med giktsmerter. Bileta selde godt - enten frå butikken eller ved at han sjølv banka på hos folk og baud fram motiv han trudde kunne interessera. Dessutan seig det inn rikelege mengder med spesialtingingar. Tingingsverka viste helst gardar og tun i distriktet, og mange skal ha hamna i Amerika hjå utvandrarar frå Kvinnherad. Dette var nok kjærkomne minne om heimstaden deira. Vi har hittil registrert måleri i statane Illinois og Washington.
Kunstnaren Lul Krag teikna 2 flotte portrett av Ness, men ho gjorde òg eit iherdig forsøk på å gjera han kjent i kunstmiljøet i Oslo. Ho fekk ta med seg fleire av måleria hans til hovudstaden, og viste dei fram for kunstnarar og ekspertar. Spesielt Henrik Sørensen, tidlegare elev av den verdskjente franske kunstnaren Henri Matisse, ser ut til å ha vore involvert i dette prosjektet. Sørensen kjøpte sjølv måleriet ”Fossberg med Hattebergfossen”, og skreiv på ein lapp til Lul Krag: ”Tak ham for det rene, himmelske lys som stråler ut fra hans bilder. Som glæder og vederkveger mig meget.” Men kanskje viktigast var det at professor Axel Revold ved Kunstakademiet såg eit potensiale i bileta. Revold var sjølv målar, og hadde studert både under Henrik Sørensen og Henri Matisse. Vel attende i Rosendal fekk Lul Krag eit brev i juni 1944 som ho kopierte til Ness: ”Uddrag af Brev fra fru maleren Windfeld, Oslo til Lul Krag Rosendal. … Du maa meddele Ness følgende som kanske vil glæde ham, det er at professor Revold havde seet Billederne hos Henrik Sørensen og blev meget intresseret i dem, og især begeistret for det med fossen, som jeg også likte best. Revold vil gaa inn for at der skal holdes en utstilling af Ness bedste arbeider, saa snart det lader sig gjøre (efter Krigen) om Ness selv vil være intresseret i dette og ville sende sine bedste og saa ældste arbeider. Kanske Ness ikke vil være intresseret i dette, men det er ialfald meget smigrende at Professor Revold ville dette.”
Endeleg såg det ut til å det Johannes L. Ness hadde drøymt om heile livet kunne gå i oppfylling. Betre seint enn aldri får ein vel leggja til, for kunstnaren nærma seg 79 år, helsa skranta og krigen rasa. Sjølv om det aldri vart noko av utstillingsplanane til professor Revold, må det ha vore litt av ein personleg triumf for Ness å bli akseptert av så kompetente fagfolk.
Alt tyder på at det bare har vore arrangert 1 utstilling av Johs. L. Ness tidlegare. I 1980 gjorde Rosendal Ungdomslag ein imponerande innsats med å samla inn bilete av Ness og Lul Krag. Utstillinga stod i Rosendal Samfunnshus i helga 15.-17. august 1980.
I 2006 kom neste utstilling. I tida 4. august – 16. oktober vart 47 måleri og teikningar synte fram på Baroniet Rosendal. Samstundes vart biografien ”Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness” lansert.
I løpet av 1943 laga Ness sine siste bilete. På kvar sin måte representerer dei essensen av det han stod for. Det er eit portrett i kolstift, eit måleri med den beskrivande tittelen ”Fuldrigger i storm”, og til slutt eit oljemåleri av hans kjære heimstad ”Rosendalsbygden”. Andre særtrekk i måleria hans var skyene og, som Henrik Sørensen påpeika, lyset. Ness hadde ein forkjærleik for raude, godvêrs kveldsskyer, noko som det er fleire dømer på i denne boka. Når det gjeld det himmelske lyset, oppstod det oftast i marinemåleria, gjerne med ei stolt skute i frisk seglas. Elles er ”nøyaktig” eit adjektiv mange nyttar om kunsten til Ness, men dette er likevel ei sanning med visse modifikasjonar. Det er grunn til å tru at kunstnaren var medviten kva rolle bileta ville få i framtida, slik at motiv av lokalhistorisk interesse vart gjenskapa med djup presisjon. Bilete av meir generell karakter opna for ein grovare pensel og små innslag av tilpassingar og fantasi.
Framleis finns det eit betydeleg tal bilete som ikkje er katalogiserte. Dette har 2 hovudårsaker; enten er ikkje eigarane klar over bok- og utstillingsprosjektet (og omvendt), eller dei kjenner ikkje igjen kunstnaren. Johannes L. Ness signerte maleria sine på fleire ulike måtar – J. N., J. L. N. og J. Næs toppar statistikken. Men dei aller eldste verka er utan identifikasjon. Ein del av bileta har vi bare funne fotografi av, og kvar originalane oppheld seg, er ukjend.
Etter 50-års ekteskap kunne Magnhild og Johannes markera gullbryllaup 2. november 1944. Det oppstod reine folkevandringa til Nesheim denne spesielle dagen; songlag og musikklag heidra i ord og tonar eit gullbrurepar som var i storform. Jubileet var ein forlokkande milepæl for Johannes, ein dag han lengta etter i månadsvis, eit mål som haldt han oppe trass svekka helse. Gikta hadde tidvis plaga han i nokre år allereie, men verst var likevel den smertefulle kaldbrannen i beina. Ness hadde vore i endelaus aktivitet og proppfull av energi i heile sitt lange liv, men då gullfesten var over, fanst det ikkje fleire krefter att. Dei påfølgjande dagane låg han til sengs, før han sovna stille inn i kveldinga den 15. november 1944 - 79 år gammal. Johannes L. Ness vart gravlagt 23. november i sitt evige Rosendal, med utsikt mot Melderskin og Hardangerfjorden. Magnhild Ness døydde 25. april 1953.
Teksten er hovudsakeleg henta frå boka ”Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness”, 2006. Morten Nygård
|
Multikunstnaren JOHANNES L. NESS (1865-1944) frå Rosendal |
Kontakt: Morten Nygård, Postboks 70, 5486 Rosendal Tlf: 53 48 19 02 Mob: 971 13 075 E-post: mortnyg@online.no |