28. januar 2007

Ei omfattande heimeside om norske harmonium-produsentar er nyleg lansert. Den imponerande sida inneheld også omtale av Johs. L. Ness.

Sjå: www.harmonium-orgel.com

 

3. desember 2006

Kvinnherad Mållag skipar til bokkveld på Malmanger skule. Hovudgjesten er Otto Ersland, men også dei lokale forfattarane Kaare Skaala, Berge Sæberg og Morten Nygård deltek.

 

20. november 2006

Nokre månader forseinka er endeleg denne heimesida ferdig!

 

16. oktober 2006

Utstillinga vart teken ned i dag. Det er svært gledeleg at det den siste tida har vore mange grupper, skuleklassar og barnehagar oppe og kikka på bileta.

 

13. oktober 2006

Artikkel om Johannes L. Ness er no lagt ut på internettleksikonet Wikipedia si nynorskutgåve

(nn.wikipedia.org).

 

10. oktober 2006

I papira etter Johannes L. Ness er det funne eit brev til capt. Johan Finnes legat. Vi veit ikkje om brevet nokon gong vart sendt, men det er uansett interessant lesestoff. Dessutan får vi no endeleg vita når Ness var i lære hjå J. J. Bennetter. Brevet er som følgjer:

 

”Johannes L. Næs andragen om bidrag af capt. Johan Finnes legat.

 

Til bestyrelsen for capt. Johan Finnes legat.

 

Undertegnede Johannes L. Næs tillader sig herved ærbødigst at andrage om at måtte blive tildelt et bidrag af capt. Johan Finnes legat – for at jeg kan blive sat i stand til at tage nogen undervisning i maling og måske tegning her i landet. Jeg har i flere år syslet med maling – især sjøbilleder – uden at have havt anledning til nogen anden undervisning end under ca 1 måneds ophold hos Hr. marinemaler Bennetter i 1886. Jeg er ikke så økonomisk stillet at jeg selv kan bekoste mit hele studieophold, og tør derfor nære håb om at blive imødekommet.”

 

10. september 2006

Lysbileteføredrag i dag på Avlsgården med påfølgjande omvisning i utstillinga på Baroniet  (Borgstova/Vinkjellaren). Ein fullsett sal fekk sjå mange bilete som ikkje er med på utstillinga og i boka. Arrangør Baroniet Rosendal, førelesar Morten Nygård.

 

4. august 2006

I dag vart endeleg boka ”Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness” lansert!

Og i dag opna endeleg utstillinga ”Det løfter livet” på Baroniet Rosendal! Utstillinga vart offisielt opna av professor Magne Malmanger, og det var taler av Anne Grete Honerød på vegne av Baroniet Rosendal, Kristian Bringedal på vegne av Kvinnherad kommune, og Morten Nygård haldt eit introduksjonsføredrag. Dette føredraget vert repetert i morgon i Vinkjellaren.

 

Etter 10 år er det godt å konstatera at den viktigaste delen i prosjektet er fullført.

Men eg vil framleis ha tips om fleire Johs. L. Ness-bilete.

 

3. august 2006

Det dukka i dag opp eit nytt måleri, og ikkje minst eit interessant brev. Biletet er eit tradisjonelt skutemotiv frå 1937. Det viser hardangerjakta ”Fortuna”, bygd ved Skaalurens Skipsbyggeri i 1892.

 

Men det mest interessante er brevet Johs. L. Ness skreiv til kjøparen av måleriet. Det gjev eit unikt innblikk i kunstnaren sin arbeidsprosess og tankar. Vi tek det med i sin heilskap:

 

”Rosendal 16-4-1937.

 

Hr Birger ----------------, Larvik.

 

Billedet av ”Fortuna” er nu ferdigt og sendes Dig i dag. Ønsker god modtagelse og håper Du må bli tilfreds med arbeidet – har ialfald gjort mit beste for at så må ske!

Billedet er tat fra Kalvtonjen – idet ”Fortuna” stryker forbi nævnde og krysser ut Kvinnhersfjoren. Til venstre ser Du Skorpegavelen, Anuglen og sørover mot Leirvik og til høire på billedet har Du i bakgrunden Tysnæsfjeldene med Hovlandsnuten - samt Steinane og Stonganæset. Jeg valgte dette parti fordi jeg trodde det vilde intresere Dig mere end nogen fremmede holmer i bakgrunnen, hvilket jo havde vært mindre arbeide - men som sagt har jeg gjort mit beste for at Du skulde bli tilfreds med billedet. ”Fortuna” er ialdfald et av de peneste jaktefartøier jeg har malt - et troverdigt billede av en vakker Kvinnhers Jagt. Håper billedet kommer vel frem og må bli til hygge!

 

Venlig hilsen!

landh. Johs. L. Næss”

 

Multikunstnaren

JOHANNES L. NESS

(1865-1944) frå Rosendal

Kontakt: Morten Nygård, Postboks 70, 5486 Rosendal  Tlf: 53 48 19 02  Mob: 971 13 075

E-post: mortnyg@online.no